Wynn Williams har ikkje lært seg cowboylivet frå filmar. Han har levd det. Han vaks opp i Weatherford i Texas, konkurrerte i steer wrestling på rodeoarenaen og tok utdanning ved Texas A&M. Etter eksamen i 2016 la han sporane på hylla og tok fram gitaren. Men cowboyen har aldri forlate han, verken i stemma eller i songane.

Musikken hans er tradisjonell country av den gamle skulen, med George Strait og Brooks & Dunn som førebilete, fele og steelgitar i front og songar om hardt arbeid, kjærleik og livet på vegen. Debut-EP-en Words Fly og det sjølvtitulerte albumet frå 2020, med «Tornado» og «Man, What a Woman», opna dørene. Så kom EP-en Your Love, med «Like She Does», ein kjærleikssong til kona hans, og «All Over Me», som fekk merksemd frå Billboard.

I 2025 kom Country Therapy, tolv songar som hentar fram lyden frå slutten av 90-talet og byrjinga av 2000-talet, laga saman med nokre av dei fremste låtskrivarane i Nashville. Albumet inneheld publikumsfavorittar som «Denver to Dallas» og «Here for the Beer», som på deluxe-utgåva er ein duett med Randall King. Saving Country Music kalla plata eit album heile familien kan bli samde om i bilen.

Alt saman har han gjort som uavhengig artist, på eigne premissar. Songane hans er strøyma over 23 millionar gonger, og han turnerer no i USA, Canada og Europa. I 2027 kjem han til Norsk Countrytreff for første gong. Frå rodeoarenaen til festivalscena i Breim: Wynn Williams er den ekte vara.

Forrige
Forrige

Berit Håpoldøy

Neste
Neste

Arthur Stulien