Sidan 2012 har Berit Håpoldøy markert seg som ei særeigen stemme i norsk musikkliv. Med røter i americana, folk og country, skapar, produserer og arrangerer ho musikk som treff med ærlege tekstar, sterke melodiar og ei stemme som ber både sårbarheit og kraft. Uttrykket hennar kombinerer nordiske tonar med impulsar frå keltisk og amerikansk tradisjon. Songane rommar både kvardagslege historier og større tankar om livet, om kjærleik, håp og tilhøyrsle. Resultatet er eit musikalsk landskap som kjennest både tidlaust og personleg.
Gjennom åra har ho bygd opp eit solid publikum, med tusenvis av strøymingar og ei lang rekkje konsertar over heile Vestlandet. Anten ho står på scena solo, i duo eller med fullt band, får publikum konsertar prega av nærleik, musikalitet og ekte speleglede. Bandet hennar består av nokre av dei mest erfarne musikarane på Vestlandet, mellom anna frå miljøet rundt Bergen Bonanza.
Ho har samarbeidd med fleire etablerte namn i norsk musikkliv. Ho har turnert med skodespelarlegenda Helge Jordal, laga filmmusikk saman med Frode Fimland og skrive songar for artistar som Tor Endresen. Festivalpublikummet på mellom anna Seljord Countryfestival og Hardangersus har fått oppleve henne, og då ho arrangerte eiga countryhelg på Madam Felle i Bergen, forsvann billettane på kort tid. Hausten 2026 starta ho ein ny soloturné, Det som står att, med premiere i Åsane kulturhus.
I 2027 står Berit Håpoldøy på scena på Norsk Countrytreff for første gong. Med Berit på scena kan du vente deg ein konsert full av lidenskap, forteljingar og musikk som gjev deg både gåsehud og lyst til å danse. Ikkje gå glipp av sjansen til å oppleve ein av dei mest spennande liveartistane i americana og country i Noreg!