Festivalområde

Inne på festivalområdet fins det to scener, Kolbeins Saloon og Hesjestauren. Det er også festivalbutikk, merch-bod og andre salgsboder. I Kolbeins Saloon finn du også ein kafé med sal av varmmat og kald drikke.

Det er også bar i tilknyting til begge sceneområda.

Campingområder

Det er to campingområder i tilknyting til festivalen. Øvre camp og nedre camp. På begge campingområda er det plass til campingvogn, bubil, lastebil, campingbuss og telt. Det er toalett og tømmepunkt for campingtoalett på begge campingområder. Inngang til campingområdet er bemanna, og det er krav om festivalpass inkl. camping for å entre området.

Det er 18-års aldersgrense på begge campingområder. Ved behov kan det bli ekstra campingareal ved Breimshallen.

Butikkar

I tillegg til eigen festivalbutikk med dei viktigaste varene for festivalgjengarane våre, har vi Coop Marked Reed og Coop Prix Byrkjelo i nærleiken. Coop Marked Reed kan ein gå til frå festivalområdet (ca. 15 minuttar ein veg). Coop Prix Byrkjelo ligg ca. 4.5 km frå festivalområdet.

Aldersgrenser

På dagtid og fram til kl. 18 er det ingen aldersgrense på festivalområdet, utanom på campingområdene. Etter kl. 18 blir Kolbeins Saloon stengt for unge under 18 år, men vi har eit eige område for desse ved scena på Hesjestauren. Vårt campingområde har 18 års aldersgrense.

Ved brot på aldersgrense blir ein vist vekk i frå området.

Tryggleik

Norsk Countrytreff verdset publikum og artistar sin tryggleik, og er rusta for å handtere ulykker og brann både på festivalområdet og på campingområdene. Vi har tett samarbeid med Politi, Røde Kors samt profesjonelle private tryggingsselskap.

Innslepp på camping

Innslepp på campingområdet vil starte onsdag 10.juli kl. 13:00. Vi oppfordrar gjestane våre om å nytte alternative venteplassar i kommunen i påvente av opning av festivalcamp.

Alternative stadar å stå er Reed Camping, Breimsvatnet Camping, Byrkjelo Camping, Gåsemyr Camping, Utvikfjellet, Våtedalen, Gloppen Camping eller ein campingplass i ein nabokommune.

Parkering

Det er tilrettelagt for parkering utanfor festivalområdet, og alle parkeringsområder er godt merka. Vårt festivalpersonell vil sørge for å veilede deg til rett parkeringsplass. Merk at nokre parkeringsplassar befinn seg 5 minuttars gange unna festivalområdet.

Toalett

Det er gode toalettforhold på festivalområdet, med hovudtoalettbygg lokalisert mellom Kolbeins Saloon og Hesjestauren. Toaletta har kontinuerlig bemanning, og blir vaska og stelt regelmessig. Det er også satt ut toalettbrakker fleire stadar på begge campingområda våre.

Dusj

Vi har eige dusjanlegg for campinggjestane våre, og dette er lokalisert ved ridehallen ved nedre campingområde. Dusjanlegget har kontinuerlig bemanning i åpningstidene, og vi garanterer alltid varmt vatn.

Lastebilcamp og parkering

Frå 2024 blir det ikkje anledning til å parkere vogn, bubil, buss, lastebil eller anna bu- og framkomstmiddel på bana aust for festivalområdet i påvente av at innslepp på camping skal starte. Dette området skal nyttast til lastebilcamp, og vi treng sjølve området i forkant av festivalen.

Hørselvern

Tidvis kan det vere høg lyd på festivalområdet. Tenk spesielt på å beskytte små born ved bruk av hørselvern eller øyreproppar.

Kva kan eg ikkje ta med?

På festivalområdet er det ikkje anledning til å ta med seg eigen alkohol. Dette gjeld også ved gjennomgang mellom øvre og nedre campingområde. Det er satt opp eiga rute for dei som vil ta med alkohol mellom campingområda, som er merka med skilt.

Fyrverkeri, eigne stolar/bord, våpen, hundar som ikkje er registrerte tenestehundar, støyande utstyr, laser-peikarar eller andre objekt som kan medføre skade på personell eller utstyr er forbode.

Festivalbussar

I samband med festivalen blir det satt opp festivalbussar frå fleire stadar i området, med retur på natt. Sjå eige oppslag på: LINK HER

Inngang hovudarena

Det er to inngangar til festivalområdet.
Øvre inngang går over flat grusplass, og krev forhåndskjøpt billett eller at ein løyser billett i porten. Ein kan ikkje hente ut t.d sponsorbillettar eller endre billettype i denne inngangen. Etter kl. 18.00 er denne inngangen ikkje open for under 18 år.

Nedre inngang er ved Fjordhestgarden, og krev forhåndskjøpt billett eller at ein løyser billett ved inngang. Dette er inngang for under 18 år etter kl. 18.00.