Barnas countrytreff

Fredag 12.juli inviterer Norsk Countrytreff til Barnas Countrytreff i Breim barnehage!

Årets artist blir Bare Fjas & Blågras, som kjem for å underhalde og engasjere barnehage- og småskuleborn! Dei garanterer for trestemt sang, fem instrument og tilsammen 27 strengar - og ei lang rekke sangar som ALLE borna kan!

I tillegg blir det aktivitetar som hesteriding, tegning og mykje anna moro.

Barnehagane i Gloppen får eigen invitasjon og det blir satt opp buss til/frå for desse.

Arrangementet er GRATIS og ope for ALLE i aldersgruppa, så det er berre å møte opp i Breim barnehage kl. 11.00!