Countryartisten Arthur Stulien frå Byremo går inn i 2027 med albumet Heart on the Run i ryggen og over 40 konsertar booka i Noreg og utlandet. The Heart on the Run Tour tek låtane ut dit dei høyrer heime: på scena, framfor publikum.
Heart on the Run er Arthur sitt andre soloalbum og består av ti originale låtar, skrivne av Arthur sjølv, nokre av dei saman med Magnus Murphy og Hugo Risdal. Risdal har også produsert albumet. Arthur er ofte i Nashville, og har dei siste åra skrive med anerkjende låtskrivarar der. Den påverknaden høyrest på albumet, som byggjer vidare på den særeigne kombinasjonen hans av Nashville-inspirasjon og nordisk nerve. Uttrykket spenner frå energiske, gitarbaserte produksjonar til nedstripa, historieforteljande låtar med tydeleg forankring i tradisjonell country.
På scena er Arthur i sitt rette element. Med den varme, karakteristiske stemma si og eit autentisk scenenærvær har han vunne eit lojalt publikum over heile landet, og mange av lyttarane hans finst utanfor grensene til Noreg. Konsertåret 2027 byr på alt frå klubbkonsertar og festivalar til store kulturhus, og Arthur held fram med å vinne nye fans med den ektekjende tilnærminga si til country, ein sjanger han både respekterer og utviklar vidare.
Mange vart kjende med Arthur gjennom The Voice Norge 2024, der han skreiv historie som den første «stolne» deltakaren som nådde finalen. Då hadde han alt vunne prisen European Country Single of the Year for «Play it Again» i 2020. Han har også varma opp for Brad Paisley i Oslo Spektrum, og i mars 2026 markerte han ti år som artist med eit fullverdig jubileumsshow på KRS LIVE.
Etter meir enn ti år er Arthur Stulien framleis på vegen. Med eit nytt album og ein full turnékalender går han inn i neste fase med tydeleg retning og ny giv, med ny musikk på veg.