
Miljø og berekraft på Norsk Countrytreff
Norsk Countrytreff er Miljøfyrtårn-sertifisert, og vi jobbar systematisk for å redusere klima- og miljøpåverknaden frå festivalen vår.
Dette gjer vi gjennom konkrete planar, mål og tiltak innan transport, energi, avfall, innkjøp, arealbruk og arbeidsmiljø.
Miljøfyrtårn-sertifisert festival
-
Transport
Vi har eit høgt fokus på transport både for publikum, artistar og samarbeidspartnarar. Som publikum er det tilbod om buss frå fleire stader i fylket, og artistar blir frakta med fellestransport til og frå hotell.
-
Energi
Festivalcampen står for ein stor del av festivalens straumforbruk. Vi hentar data direkte frå vår straumleverandør Wattn og har full oversikt over forbruket, slik at vi kan planleggje for meir energieffektive løysingar framover. Vi brukar ikkje aggregat under festivalen.
-
Avfall og sirkularitet
Vi har fleire sorteringsstasjonar på arenaen, og renovasjonsselskap hentar avfall fortløpande under festivalen. Vi har testa pant og bruk av PLA-materiale på eingongsmateriell men dette har vist seg utfordrande i sorteringsprosessen. Vårt hovudfokus er difor pr i dag at alt skal samlast inn og ikkje forsøple nærområdet.
-
Natur og arealbruk
Festivalområdet er bygd opp med faste vegar, nedgravd straum og avløp for å skåne naturen mest mogleg. Etter festivalen vert det rydda grundig, og skadar på gras- og dyrka mark blir reparerte og sådd på nytt.
-
Innkjøp
Vi prioriterer lokale leverandørar, både innan mat, drikke, produksjon og tekniske tenester. Vi samarbeider mellom anna med:
Gloppen Hotell Miljøfyrtårn-sertifisert
Gilde Kjøttprodukt frå nærområdet
Gardsbrenneriet Lokalprodusert drikke
Repix Lokal produksjon av marknadsmateriell og festivalmerch utan overskotslager
Coop Prix Byrkjelo Innkjøp av daglegvarer
Fleire lokale tekniske leverandørar innan lyd, lys, elektro og bygg
Eige informasjonssystem på arenaen via storskjerm og på infotavler
Kart med oversikt over sorteringsstasjonar, helsetenester, sløkkjeutstyr m.m.
Informasjon om transport og miljøtiltak via nettside, sosiale medium og lokalavis
Handlebuss for campen og kollektivtilbod for publikum
Samarbeid med redningstenester og helsepersonell om tryggleiken til publikum
Vi set årlege mål og tiltak for å forbetre oss innan klima, miljø og arbeidsmiljø. Dette blir følgt opp gjennom årleg rapportering og evaluering. Dokumentasjon på gjennomførte tiltak og resultat finn du i vår årlege miljørapport.
Mål og tiltak
Berekraftige tiltak under festivalen
Framtidige satsingar
Redusere flyreiser for norske artistar frå 2026
Utvikle arrangørforum i Nordre del av Vestland for felles investeringar i utstyr som kan erstatte leige og transport av materiell over lange avstandar
Utvide samarbeidet med lokale produsentar for fleire berekraftige produkt
Vi har samla oversikt over dokumentasjon som ligg til grunn for Miljøfyrtårn-sertifiseringa vår. Dette omfattar:
Miljøpolicy
Årlege mål og tiltak
Leverandøroversikt
Risikovurderingar og beredskapsplan
HMS og vernerundar
Årlege miljørapportar