FESTIVALCAMPING

Norsk Countrytreff har tre campingområder som ligg i tilknytning til hovudarenaen på Norsk Fjordhestgard. Dette er øvre, nedre og TruckNor Trailercamp.

I tillegg har vi ein ´stillecamp´ ved Breimshallen, ca 700 meter frå festivalområdet.

Sjå kart for detaljar.

Festivalpass inkl. camping

  • Onsdag til søndag: 3290,-

  • Torsdag til søndag: 2990,-

  • Fredag til søndag: 2790,-

  • Laurdag til søndag: 1990,-

  • Tillegg pr. bu-eining 300,- * (inkl. straum)

Personar under 18 år har ikkje tilgang til vår festivalcamping. Alder vil bli sjekka ved ankomst.

Legitimasjonsplikt ved innsjekk.

*Kjøp bueining om du har med deg eiga campingvogn, bubil, telt etc.
Om fleire personar bur i lag i same bueining er det
kun ei bueining som skal kjøpast, men alle personar må kjøpe festivalpass inkl. camping.
Skal fleire bu i lag i f.eks ei campingvogn kjøper ein 1 stk. bueining i tillegg til festivalpass for alle. Festivalpass inkluderar adgang til konsertar på hovudarena for dei dagane ein har kjøpt.

Vi gjer merksam på følgande:

  • Innsjekk og innkøyring til camping kan du gjere til følgande tider:

    • Onsdag til og med laurdag 10.00 til 22.00

  • Dersom du kjem til Breim før onsdag må ein nytte campingplassar i nærområdet, det er ikkje mogleg å campe på vårt festivalområde før innsjekk opnar onsdag morgon!!!

  • Alle bueiningar må ha løyst eigen billett for bueining, uavhengig kor mange som bur i denne.

  • Det er ikkje mogleg å førehandsreservere plassar på festivalcampen.

  • Det er 18 års aldersgrense på festivalcamp, og alle MÅ vise legitimasjon ved innsjekk.

  • Alle må ha godkjent brannslokningsapparat og gass og røykvarslar i campingvogn, bubil, lastebil og buss.

  • Ta med eigne ´klossar´ for å vatre opp vogn/bubil.

  • Pass på at kablar for påkobling til vårt straumnett er av god kvalitet og dimensjonert til formålet.

  • Tømming av eigne toalett skjer på oppmerka tømmepunkt. Det er to tømmepunkt på øvre camp og eitt på nedre camp - ved toaletta. Desse er merka, og har også vannslange for skylling av toalett.

  • Vi gjer merksam på at det er ikkje lov å ta med hund på hovudarena eller våre festivalcampar. Unnataket er for stillecamp ved Breimshallen.

  • Dei som ynskjer camping utanom festivalcamp, må kontakte campingplassane i kommunen

  • ´Villcamping´ i nærområdet er ikkje lov og medfører bortvising frå området

  • Bading i elva er strengt forbode. Av omsyn til eiga tryggleik er det ikkje tillate å bade i elva under festivalen. Brot på denne regelen vil medføre umiddelbar bortvising frå festivalområdet.

Reglar og informasjon

Som vertskap håpar vi at alle følgjer desse reglane for opphaldet, slik at vi unngår problem og unødvendige sikkerheitsrisikoar.

Ta omsyn til kvarandre og ha ei flott helg på Norsk Countrytreff!