Bluegrasskonsert

Bluegrasskonserten i Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum (Sandane) er den siste konserten vi arrangerer under Norsk Countrytreff.

Dette er ein svært intim konsert, der ein kjem tett på artistane. I dei fantastiske lokala til Nordfjord Folkemuseum får ein ei unik ramme rundt musikken og musikarane, og i pausen får ein møte dei utanfor, slå av ein prat samt anledning til å kjøpe plater og andre ting direkte frå banda.

Konsertstart er kl. 19:00, og det blir lagt opp til ein pause i programmet der publikum får mingle med artistane, samt får enkel servering i lokala til Nordfjord Folkemuseum.

Bli med og avslutt ei fantastisk countryhelg i eit intimt og flott lokale på Sandane!

Artistar i 2024 blir The Kody Norris Show frå USA og vårt eige Hayde Bluegrass Orchestra!