Gratis instutisjonskonsertar
I 2010 starta vi opp tilbodet Country for eldre for å nå ut til ytterlegare ei målgruppe. Og vi har sidan den gong, årleg tatt med oss festivalen ut på ulike institusjonar i Gloppen og Sunnfjord.
Vi tar med oss kaffi og kaker og fortel litt om Norsk Countrytreff.
Kva artist som står for den musikalske delen av programmet kjem vi tilbake til.
I samarbeid med pensjonistlag, diakoninemnd, Frivillighetssentralen og heimetenesta kjem også eldre som bur heime til konserten, dei får skyss til og frå. Dette er blitt eit svært godt motteke tilbod.
Det er ein stor verdi å kunne tilby kulturtilbod av høg kvalitet til dei mange som ikkje sjølv kan oppsøke dette. Og for mange av dei som bur heime er det også eit svært viktig sosialt tiltak, der dei får muligheten til å komme seg ut for eit avbrekk i kvardagen.
Eldrekonsertar 2027!
- Byrkjelotunet, torsdag 15. juli kl. 13.30
- Løkjatunet i Hyen, torsdag 15. juli kl. 16.00
- Skei Omsorgsenter, fredag 16. juli kl. 13.30
- Gloppen Omsorgsenter, fredag 16. juli kl. 16.00
Vi gler oss til å skape gode musikkopplevingar saman – sjåast vi der?