the grand ole opry

BOBBY BARE

Bobby Bare var den første amerikanske superstjerna som besøkte Norsk Countrytreff, og er den amerikanske artisten som har besøkt festivalen flest gangar. Han gjorde sin debut på NCT i 1995, men returnerte både i 2006 og i 2012 for å spele for oss.

Bobby Bare var allereie ein del av The Grand Ole Opry-familien på 60- og 70-talet, men etter at Bobby tok eit opprivande oppgjer med mellom anna Chet Atkins og RCA, og dermed i praksis starta Outlaw-bølgen på 70-talet, glei han regelrett ut av medlemskapet sitt.

I 2018, på Bobby sin 83-årsdag, inviterte Garth Brooks på vegner av The Grand Ole Opry Bobby Bare tilbake - og Bobby Bare var på ny medlem av Opry-familien.

VINCE GILL

Vince har besøkt Norsk Countrytreff ein gang, tilbake i 2012. Ein av countrymusikken sin beste gitaristar, ein låtsmed av det sjeldne og framleis den artisten med flest Country Music Association Awards.

Vince Gill blei innlemma i Opry-familien i 1991, basert på den unike musikalske gåva han har tatt med seg inn i countrymusikken, samt den fantastiske evnen til å både vere tradisjonell og utforskande i si tilnærming til sjangeren.

Vi er svært stolte over å ha hatt Vince Gill på Norsk Countrytreff!

Emmylou Harris

EMMYLOU HARRIS

Emmylou Harris kom over Atlanteren eins ærend for å gjere ein konsert i Europa i 2019, og den var på Norsk Countrytreff. Emmylou fekk nokre gode år i lag med Gram Parsons, som fungerte som både mentor og vokal-partner for unge Harris - og etter hans død utvikla Harris musikken sin slik ho meinte Parsons ville ha ønskt det.

Emmylou blei innlemma i Opry-familien allereie i 1992, og har ikkje mindre enn 10 Gold Albums og 12 Grammyar. Ho har også fått Billboard Magazine si høgaste utmerking - the Century Award.

PATTY LOVELESS

Patty Loveless besøkte Norsk Countrytreff i 2010, og var då etablert som ein av dei verkeleg store kvinnelege artistane. Patty starta Opry-karriera si som 14-åring, då ho deltok som invitert av Dolly Parton og Porter Wagoner. Seinare blei ho henta inn på eit omreisande Opry-show, der ho mellom anna sang med the Wilburn Brothers. Ho blei raskt Wilburn sin faste vokalist, før ho på midten av 80-talet gjekk solo.

Patty Loveless blei innlemma i Opry-familien allereie i 1988, i ein alder av 31. Med CMA Album of The Year i 1995 og ei lang rekke hits gjennom karriera si, har Loveless gjort seg godt fortent til plassen i Opry-familien.

RICKY SKAGGS

Ricky Skaggs besøkte Norsk Countrytreff i 2005, og var då klassifisert som “midtpunktet i amerikansk country”. Det er ikkje få amerikanske artistar som har fått oppleve kvaliteten til denne multiinstrumentalisten, og Chet Atkins uttalte ein gang at “Ricky Skaggs singelhandedly saved country music”. Skaggs trakterer både mandolin, banjo og gitar, i tillegg til å vere producer, låtskriver og artist.

Ricky Skaggs blei innlemma i Opry-familien i 1982, berre eitt år etter at han tok steget frå sidekick til centre stage som soloartist. Med 8 CMA-awards er han også kåra til Topp 20 Artists of the Century.

MARTY STUART

Marty Stuart besøkte Norsk Countrytreff i 2002, og var eit namn som verkeleg slo mellom fjell og dalar. Stuart sin kjærleik for countrymusikken har latt han skine på fleire forskjellige arenaer, både som musiker og som produsent for seg sjølv - og andre. Og som sjangeroverskridande artist, blei han også presentert i Rock and Roll Hall of Fame.

Marty Stuart blei invitert inn i Opry-familien i 1992, og garderoben han overtok hadde tilhøyrt artistar som Ernest Tubb and The Texas Troubadours, Marty Robbins og Porter Wagoner frå før. Stuart, som starta som musiker først i lag med Lester Flatts, og så i lag med Johnny Cash, gjekk solo på 80-talet og la verda for sine føter.

PAM TILLIS

Pam Tillis kom over dammen til Norsk Countrytreff i 2007, og i kofferten hadde ho med seg nærare 20 Topp 10-plasseringar og 6 singlar som nådde 1.plass på hitlistene. Med 3 CMA Awards og 2 Grammys var det ei erfaren og veletablert stjerne som inntok scena på festivalen denne sommardagen.

Pam Tillis blei invitert inn i Opry-familien av Little Jimmy Dickens i 2000, og trengte ikkje betenkningstid for å akseptere invitasjonen. Og sjølv om Pam var dottera til Mel Tillis, så var det hennar eigne musikalske kvalitetar som gjorde ho fortent til ein plass i musikkfamilien. Ho deltok også på The First All-Female Country Tour, med Carlene Carter og Lorrie Morgan.

THE WHITES

The Whites kom over til Norsk Countrytreff i 2008, men havna kanskje litt i skuggen av Lynn Anderson dette året. Men The Whites er ikkje nokon kven-som-helst i det amerikanske musikkmiljøet, og spesielt ikkje rundt The Grand ole Opry. Pappa Buck starta tidleg som musiker for Hank Snow og Ernest Tubb, medan døtrene Cheryl, Sharon og Rosie kom inn etter kvart som dei blei eldre.

The Whites blei invitert inn i Opry-familien i 1984, og spelar framleis fast i The Grand Ole Opry. I 2000 deltok også The Whites i filmen “O brother where art thou”, der dei framførte The Carter Family sin klassiske “Keep on the sunny side”.

RHONDA VINCENT

I 2015 kom Rhonda Vincent over til Breim og Norsk Countrytreff, og då kunne ho skilte med over 40 år som artist på den amerikanske country- og bluegrasscena. Ho byrja å spele trommer i ein alder av 5, men som 8-åring bytta ho til mandolin - før ho som 10-åring tok til å spele fele. Ho deltok på The Opry med Jim Ed Brown, og etter dette var ho sikra platekontrakt.

Rhonda Vincent blei invitert inn i Opry-familien i 2022, etter å ha sikra seg 7 Female Vocalist of The Year-awards innan Bluegrass, samt Entertainer of the Year i 2001.

Rhonda Vincent samarbeida også med Gene Watson, eit anna medlem av Opry-familien.

GENE WATSON

Gene Watson kom til oss i 2013, men det var tilfeldig at Gene kom seg inn i musikken. Han vaks opp i ein fattig familie i Palestine, Texas - og jobba med bilar i Houston då han blei invitert med av The Wilburn Brothers til Nashville for å opptre i The Grand Ole Opry. Watson framførte Hank Williams sin “I can’t help it if I’m still in love with you”, og fekk ståande ovasjonar etterpå. Han fekk til slutt delta på Ernest Tubb Record Shop, der han blei kringkasta på The Midnight Jamboree.

Gene Watson blei innlemma i Opry-familien i 2020, etter å ha stått tradisjonell og sterk i countrymusikken sidan 1962. Han har inspirert artistar som Brad Paisley, Alan Jackson og Vince Gill, og viser at av og til kan noko tilfeldig vere veldig bra.

Josh Turner

JOSH TURNER

I 2023 kom Josh Turner over til Breim og Norsk Countrytreff for å gjere sin første jobb i Skandinavia nokon sinne. Joshua Otis “Josh” Turner starta karriera si i 2001, og fekk gjennombrotet sitt i 2003 med låta og albumet “Long Black Train”. Dei første #1-hitsa hans kom med albumet “Your Man” i 2005 - med “Would You Go With Me” og tittellåta frå albumet; “Your Man”.

Josh Turner blei innlemma i Opry-familien allereie i 2007, berre 6 år etter debuten sin, noko som har sementert statusen hans som ein av dei fremste country-artistane gjennom tidene. Den djupe bariton-røysta er varemerket hans, og ein treng ikkje høyre mange sekundane av ei låt for å konkludere med at det ER Josh Turner som faktisk syng.