Vi treng frivillige

Ein festival på Norsk Countrytreff sin storleik er eit stort løft, og vi er avhengig av mange frivillige for å kunne gjennomføre eit prikkfritt arrangement.

Som takk for innsatsen får du gratis dagbillettar til heile helga på hovudarena. Frå torsdag til søndag kan du delta på alle konsertar som er på Hesjestauren og i Kolbeins Saloon. Konsertar utanfor hovudarena er ikkje inkludert i billettane. Om du kjem utanbygds frå og har planar om å overnatte på festivalcampen, kan du mot eit lite mellomlegg oppgradere gratisbilletten din til eit festivalpass for arena og camping.

Lag, grupper og organisasjonar

Er du med i eit lag, gruppe eller organisasjon som treng pengar til ei investering eller til drift? Då kan ein gå dugnad under festivalen og tene pengar til laget.

Kontakt oss på frivillig@norskcountrytreff.no for meir opplysningar.