Vilnes er eit band frå Bergen som ikkje lèt seg putte i ein bås. Dei blandar americana, folkrock, indiepop og countrysoul, og på scena blir det til ein kraftpakke med fleirstemd vokal, fele og eit trøkk som får publikum til å lytte.
I front står vokalist og låtskrivar Eivind Vilnes, som Nordic Music Review har kalla eit «indiepop-geni», og som Bergens Tidende har løfta fram som ein artist «av internasjonalt kaliber», med «imponerande røyst og glimrande formidlingsevne».
Debutalbumet Outsider kom i mai 2025. Alle dei tre singlane før albumet vart lista på radio, og «Outlaw» vart plukka ut til Spotify-lista «En god dose country». Etter ein utseld releasekonsert la bandet ut på turné, med konsertar mellom anna i Oslo, Stavanger og Bergen. Dei har også spelt på Bergenfest, Malakoff og Øyafestivalen, der publikum spurde seg kvifor dei ikkje hadde høyrt om bandet før. Ein av tilbakemeldingane sa det rett ut: «Dykk burde hatt tre Spellemannprisar allereie.» Bandet har også vore nominert til Luttprisen frå NRK Vestland.
Eivind Vilnes har stått på scena i Breim før. I 2019 spelte han på Norsk Countrytreff saman med mellom anna Finn Tokvam, Sigrid Moldestad, Olav Stedje, Vilde & Anna og Tone Damli. No kjem han tilbake med heile bandet, og med eit nytt album i vente. Plata skal spelast inn hausten 2026 og kjem våren 2027, med songar som nikkar til Michael Kiwanuka, The Heavy og Jeff Buckley.
Norsk Countrytreff får ein av dei første smakebitane.