Lanz Bulldogs er eit country- og americanatog som aldri sluttar å gå! Med trommer og bass som tøffar og går, ein banjo som plukkar i veg, elgitarar som både riff-ar og slidar smakfullt, og ein vokal med Johnny Cash-signatur, er Lanz Bulldogs bandet du vil ha med deg både på gode og vonde dagar. Dei fleste låtane er energiske, men tekstane er slik countrylåtar skal vere: historier om stakkarar som prøver så godt dei kan.
Sjølv om medlemmene kjem frå Gudbrandsdalen, er det lite att av den stereotypiske, traustre dølen når dei får deg til å svinge deg over dansegolvet. Konsertane deira er alltid ein god bygdefest, men dei tek seg også tid til å få vaksne menn til å kjenne rusk i auga.
Med inspirasjon frå legender som Waylon Jennings, Johnny Cash og Alan Jackson er Lanz Bulldogs klare til å ta country-Noreg med storm.
Historia deira og Norsk Countrytreff heng tett saman. I 2023 vann Lanz Bulldogs talentkonkurransen Norsk Countrytalent i Breim, og året etter var dei tilbake på festivalen. Sidan har dei spelt på fleire festivalar, mellom anna Lillyhamericana og Countrytreffet i Eikesdal. Bandet jobbar no på spreng med debutalbumet sitt, som kjem sommaren 2027. Når dei kjem tilbake til Breim i 2027, er det altså med splitter nye songar i bagasjen.