Om Johnny Cash og Chris Stapleton hadde hatt ein son frå Trøndelag, hadde han heitt Sebb Ottesen. Med ærlege tekstar, ei rå stemme og ei livshistorie som kunne vore henta rett ut av ein countrysong, har den 25 år gamle trønderen kome for å bli i norsk musikkliv. Han har spelt gitar sidan han var tolv, men det var først då han tok oppgjer med fortida si at musikken vart noko meir.
Barndomen hadde både lyse og vanskelege sider, og etter kvart vart kveldane lengre og livet mørkare. Vendepunktet kom då han tok tak i det som hadde skjedd. Musikken vart ein ny motivasjon, og ein ny måte å fortelje historia si på.
Difor har songane hans eit tydeleg samfunnsengasjement. Med utgangspunkt i eigne erfaringar syng Sebb om psykisk helse, rus, utanforskap og om å gje menneske ein ny sjanse. Det treffer. Debutsingelen «Helt alein» gjekk inn på 67. plass på Spotify si topp 200-liste i Noreg då han kom ut, og responsen viser at musikken når langt utanfor countrysjangeren.
Så gjekk det fort. I juni 2026 varma Sebb Ottesen opp for Brad Paisley i Hamar og Ålesund, for til saman 25 000 publikummarar. Seinare same året spelte han på The Golden Quarter i Trondheim og på Lille Ole Bull i Bergen.
Debutalbumet kjem våren 2027, og i Breim får publikum høyre songane like etter at dei kjem ut. Det er første gong Sebb Ottesen står på scena på Norsk Countrytreff, men neppe den siste.