Det byrja i Åmdalen i Ørsta i 1996, med seks karar, ein steelgitar, eit trekkspel og ein dialekt dei aldri har tenkt å leggje frå seg. Inspirasjonen var Teddy Nelson, ambisjonane var små og gleda var stor. Tretti år seinare er Vassendgutane eit av dei mest populære livebanda i landet, og eit band heile Noreg kan songane til.
Dei kalla det sjølv festcountry: country med glimt i auga, krydra med dansebandtradisjon og fortalt med humor og varme om livet på bygda. Debutalbumet Pylse og konjakk kom i 2000. Så kom «Ungkar med dobbelseng» i 2005, med musikkvideo regissert av sjølvaste Egil «Drillo» Olsen, og plutseleg song heile landet med. I 2008 gjekk XO til topps på VG-lista. Sidan har dei selt over 300 000 plater, og kvar einaste utgjeving har fått gull eller platina. Alt saman på eige plateselskap og på eigne premissar.
For Vassendgutane har det aldri berre handla om fest. Bak dei fengande refrenga ligg songar om kvardagslege gleder og dei store spørsmåla, om vemod og samhald, og om å vite kvar ein høyrer til. Det er difor dei treffer både dei som vil danse og dei som vil kjenne seg att.
Og få band høyrer meir til Countrytreffet enn Vassendgutane. Dei spelte i Breim første gong i 2001, og har sidan vore her heile 18 gonger. Dei har delt plakat med legender som Charley Pride, Ricky Skaggs, Bobby Bare, Vince Gill, Tanya Tucker og Emmylou Harris, og det er knapt ein countrytreffgjengar som ikkje har eit minne med Vassendgutane på scena. Då festivalen fylte 30 år i 2025, var dei sjølvsagt på hovudscena Hesjestauren.
I 2026 feira bandet sitt eige 30-årsjubileum med landsomfattande turné og stor jubileumskonsert i Ålesund. I 2027 er dei tilbake i Breim for 19. gong, med ny musikk i bagasjen. Når Vassendgutane går på scena, veit du kva du får: allsong, dans og ein fest som varer langt ut i sommarnatta.