Få har bidrege med så mange songar til den norske songskatten som Hellbillies. Sidan starten i Ål i Hallingdal i 1990 har dei gjeve ut atten album, laga ei lang rekkje hitlåtar og spelt tusenvis av konsertar i kvar krik og krok av landet. «Ei krasafaren steinbu», «Aksjon på Ål» og «Eg gløymer deg aldri» er for lengst blitt allemannseige.
Gjennom heile karriera har Hellbillies vorte hylla for sitt særprega uttrykk, tufta på ei samansmelting av amerikansk og norsk musikktradisjon, sunge på hallingdialekt. Dei litterære kvalitetane i tekstane, kombinert med musikalsk tyngd, har inspirert fleire generasjonar av artistar som har kome etter dei. Æresbevisingane har vore mange, frå Spellemannprisen sin hederspris og «Årets Spellemann» til utmerkingar frå Noregs Mållag, Norsk Artistforbund, Prøysenprisen og Medaas-prisen.
Få band har sett djupare spor i Breim enn Hellbillies. Dei stod på scena første gong i 1998, då Bellamy Brothers var hovudnamn, og har sidan kome attende igjen og igjen: i 2004 med Charley Pride, i 2012 med Bobby Bare og Vince Gill. I 2027 er dei tilbake for niande gong. Og gjennom nesten tre tiår har Hellbillies og Norsk Countrytreff vakse saman, båe med same overtyding: at countrymusikken kan ha norske røter.
Fulle konsertsalar og eit stadig veksande publikum, etter kvart som nye generasjonar oppdagar låtkatalogen, talar for seg. Når Hellbillies går på scena på Breim ein sommarkveld, blir det allsong frå første til siste tone. Det blir ei storslått feiring av eit band som for lengst har skrive seg inn i norsk kulturhistorie, og i Countrytreffet si eiga historie.