I snart 20 år har Gunslingers fylt hallar og festivalområde over heile landet. Dei har spelt hundrevis av utselde konsertar, og bak seg har dei titals gull- og platinatroféar og ei rekkje utmerkingar. Gunslingers spelar norsk country av ypparste kvalitet, og songar som «32-18», «Hardanger», «Viagra, biff og bernaisesaus», «Hiakktreff på Osterøy» og «Koffor kan ikkje eg» har for lengst vorte allsongfavorittar. Album som Ein skål te, Hardanger og Viagra, biff og bernaisesaus har alle gått platina.

Gunslingers er kjende for at alt blir spela live. Playback og ferdiginnspela spor er bannlyste. Det du høyrer, er seks musikarar som speler for fullt, med fele og steelgitar i front. Det heile er pakka inn i eit sceneshow med LED-skjermar, flammer og effektar.

Bandet og Countrytreffet har gått side om side sidan starten. Gunslingers gav ut det første albumet sitt i 2008, og same sommaren stod dei på scena i Breim for første gong. Sidan har dei vore tilbake sju gonger, og har delt plakat med namn som Tanya Tucker, The Desert Rose Band, Josh Turner, Dale Watson og Easton Corbin. I 2027 er dei her for niande gong. Til Breim tek dei med seg låtane publikum kan syngje med på frå første tone.

– Norsk Countrytreff er sjølve hjartet i countrymiljøet her i landet, og me gler oss enormt til å stå på scena i Breim. Det blir ein kveld med spelglede, allsong og god stemning frå start til slutt, seier vokalist og låtskrivar Frode Måkestad.

Forrige
Forrige

Vassendgutane

Neste
Neste

The European Highwaymen