Silver Lining har spelt inn sitt tredje studioalbum, det aldeles nydelege Bygones. Utgivingane til indiefolk-kvartetten – kor trist og melankolsk musikken enn låt – har alltid vore prega av overskot, kreativitet og speleglede frå fire eksepsjonelt dyktige musikarar og låtskrivarar som har jobba lenge saman.

Bandet har vore i Bergen i Norsk Riksstudio med Njål Paulsberg som teknikar og Øyvind Blomstrøm som produsent. Der Go Out Nowhere frå 2022 hadde eit stort lydbilete, spelt inn med synthar, trommer og bass, vender Bygones delvis tilbake til røtene til bandet. Det er varare og meir nedpå, med det som alltid har vore styrkane til bandet i fokus: vakre stemmer, harmoniar og like vakkert strengespel.

Resultatet er ni sterke komposisjonar frå Stine Andreassen, Halvor Falck Johansen og Live Miranda Solberg – tre låtskrivarar med kvar sin særeigne stil – forsterka av unikumet Bjørnar Ekse Brandseth på el- og pedal steel-gitar. Inspirasjonen frå Gillian Welch og David Rawlings er aldri langt unna – det var faktisk ein hyllestkonsert til Gillian Welch i 2015 som samla bandet – men referansane er breiare enn som så. Johansen høyrest ut som åttitals-Dylan på «GMAM», opningssporet «Set Me Free» refererer til Abba, «Sunlit Boulevard» er ein slags funky vestkystduett, og «Easy Loving Me» er ein ambivalent kjærleikslåt slik berre Live Miranda Solberg kan skrive dei.

At Silver Lining har gått i ei meir nedstrippa retning, betyr likevel ikkje at vi ikkje får servert rikeleg med musikalsk krydder og detaljar. På Bygones er det lag på lag med akustiske og elektriske strengar, korstemmer og soniske godbitar. Produsent Blomstrøm (Orions Belte, Steamdome, Odd Nordstoga) har finpussa uttrykket til bandet, i tillegg til at bassist Toivo Fjose og perkusjonist Erik Nylander varsamt bidreg til å løfte låtane med ei smakfull less-is-more-tilnærming.

At noko blir kalla eit sideprosjekt – Silver Lining består mellom anna av musikarar og låtskrivarar frå The Northern Belle og Louien – kan få folk til å tru at dei får servert «B-vare» som har vore til overs frå hovudprosjekta. Men for Silver Lining skjer magien i samspelet mellom fire medlemmer som også er bestevener, og som alltid set kvalitet framfor kvantitet.

Silver Lining feira i 2025 ti år sidan bandet vart til, og framover står jubilea i kø: I mai i år var det ti år sidan den første singelen, og neste år er det ti år sidan den første EP-en, I’ll Be Waiting for You (In the Grey), kom ut. Debutalbumet Heart and Mind Alike kom i 2018, og Go Out Nowhere følgde i 2022. I 2025 kom EP-en Four Little Songs. Silver Lining har vore nominert til Spellemann, har vunne Fjording-prisen og har turnert i Noreg, Sverige, Danmark, Nederland og Tyskland. Publikummet på Norsk Countrytreff kjenner dei frå før – i 2023 stod Silver Lining på plakaten på Breim, og no er det duka for gjensyn.

Forrige
Forrige

Embla & The Karidotters

Neste
Neste

The Northern Belle