Giddy up! Embla and the Karidotters lagar moderne, queer outlaw country inspirert av alt frå Willie Nelson til Shania Twain. Med humor, speleglede og solide dosar twang lagar dei ikkje berre nye rom for skeiv countrymusikk – dei sparkar inn dørene med det tredje albumet sitt, The Fool, som kom ut 4. september 2026. Så langt bandet sjølv veit, er det det første queer countryalbumet i Noreg. Albumet hausta god kritikk både i og utanfor Noreg, med lovord om sjølvironisk djupn og stor kunstnarisk sjølvtillit. Embla inntek scena med både autoritet og glimt i auget.

Embla and the Karidotters er bandprosjektet til Embla Karidotter, som i over ti år var trommis i indiebandet Razika. Etter at Razika vart lagt på is, samla Embla «Karidotters» frå nærliggjande band som Slomosa, Honningbarna, Sløtface og Aiming for Enrike. I dag består bandet av Embla Karidotter (vokal og gitar), Marie Moe (bass), Benjamin Rø Haavelsrud (gitar), Nils Jørgen Nilsen (trommer) og Simen Følstad Nilsen (gitar og pedal steel), som òg produserte The Fool.

Etter EP-en Howling i 2021 kom debutalbumet Hello, I’m Embla i august 2022, og det vart løna med Spellemannprisen for beste countryalbum. Sommaren 2023 vart travel: Bandet vart handplukka av Americana-stjerna Nikki Lane til å spele på Stagecoach i California, og spelte på Øya, Bergenfest og Vinjerock – og på Norsk Countrytreff på Breim, der dei delte plakaten med mellom andre Josh Turner og Dale Watson. Oppfølgjaren Off Leash kom i 2024 og vart nok ein gong nominert til Spellemann, i tillegg til at han sette E&TK på kartet også utanfor Noreg. Dei to siste åra har bandet turnert Noreg nærast kontinuerleg, og utanlands har dei spelt på festivalar som SXSW (US), Stagecoach (US), Cold Country (DK), SPOT (DK), Live At Heart (SE), Viva Sounds (SE) og Static Roots (DE).

Bandet kosar seg med å levere konsertar av høg kunstnarisk kvalitet og får publikum til både å danse, le og gråte. Musikken er ektekjend, du blir kjend med den mørke humoren til Embla både under og mellom låtane, og dei avsluttar alltid konsertane sine med å linedanse seg av scena. No er dei klare for Breim igjen – blir du med?

Forrige
Forrige

The Po' Ramblin' Boys

Neste
Neste

Silver Lining