Det er alltid noko som skurrar litt i musikken til The Northern Belle, og det er nettopp det som gjer han så god. Melodiane er lette, lyse og fengande. Tekstane er såre, ærlege og av og til rasande. Bak det heile står låtskrivar og frontkvinne Stine Andreassen, som sidan debutalbumet i 2015 har gjort The Northern Belle til eit av dei mest spennande namna i norsk americana.
Bandet har vorte samanlikna med Fleetwood Mac med Jenny Lewis i front, og har fått lovord både heime og ute. Blinding Blue Neon (2018) gav dei ein Spellemann-nominasjon, og We Wither, We Bloom (2020) vart den første internasjonale utgjevinga deira, delvis skriven under tre månader i Nashville. Så kom The Women in Me (2021) og den kritikarroste Bats in the Attic (2024), eit album bygd på 379 brev som bestefaren til Andreassen sende heim til bestemora frå sjøen, vove saman med hennar eiga erfaring med å bli mor for første gong.
Etter Bats in the Attic kom ein pause og ei tid med omstilling. Bandmedlemmene budde spreidde frå Tromsø til Voss, og Andreassen måtte finne nye vegar vidare. Svaret vart nye samarbeid, ny skaparglede og eit nytt album. Even Cowgirls Get Sad kom ut 21. august 2026, produsert av Preben Sælid Andersen i Globus Studio og med musikarar som Bjørnar Ekse Brandseth, Øyvind Blomstrøm og Halvor Falck Johansen. Det er meir pop enn før, med innslag av indie og nittitals-R&B, men framleis med americana i hjarta. Og melankolien, han er der framleis.
Countrytreffet har møtt Stine Andreassen før, både med The Northern Belle og folkkvartetten Silver Lining i 2023. I 2027 kjem The Northern Belle tilbake til Breim med eit nytt album og ein ny energi. For som tittelen seier: Even cowgirls get sad. Men dei held fram med å syngje likevel.