The Po’ Ramblin’ Boys har køyrt mange mil sidan dei starta i Nashville i 2014. Kjærleiken til bluegrass, både å spele han, dele han og få han til å vekse, har drive dei gjennom kvar krok av USA og vidare ut i Europa, og rett inn i hjarta til eit publikum som har falle for den hardtslåande, ekte bluegrasslyden deira.

«Vi lever det vi speler og syng om», seier bandleiar C.J. Lewandowski. Og det stemmer. Bandet har opplevd sin del av oppturane og nedturane som bluegrasssongane er kjende for (bortsett frå mord, sjølvsagt). Dei har vore slitne av vegen og lengta heim. Dei har kjent sorga når medlemmer har reist, og gleda når nye har kome til. Dei har jobba hardt for å nå draumane sine, og har spelt på nokre av dei mest kjende scenene i musikken, mellom anna Grand Ole Opry. I 2018 vann dei prisen for Emerging Artist of the Year frå International Bluegrass Music Association (IBMA). Seinare har dei vore Grammy-nominerte for beste bluegrassalbum med Toil, Tears & Trouble (2019), og nominerte til IBMA-prisen for Entertainer of the Year.

Gjennom alle reisene har The Po’ Ramblin’ Boys sett kvar krik og krok av landet, møtt folk frå alle samfunnslag og halde fast på sanninga, som ljomar klart i songane dei skriv. «Wanderers Like Me», tittelsporet frå det siste albumet deira på Smithsonian Folkways (2024) og bandet sin første nummer 1-song på Bluegrass Unlimited-lista, kjem rett frå hjartet: «Wanderers like me don’t settle down for no one / don’t mind being lonesome, chasing dreams is all I ever need.»

No jagar dei draumane i ei ny besetning, som strekkjer seg over fleire generasjonar og fleire landsdelar. Gitarist John Gooding frå California og felespelar Max Silverstein frå «den store bluegrassdelstaten Maine», som bandet gjerne seier når dei presenterer han på scena, er dei nyaste medlemmene, båe i 20-åra. Dei spelar saman med Lewandowski på mandolin, Jereme Brown på banjo og Jasper Lorentzen på bass, dei «eldre» i 30-åra.

Lewandowski skildrar dette nye kapittelet som eit kapittel om «utviding og vekst». Det er ein ny energi i bandet på scena, med blikk og ein og annan god latter mellom dei medan dei spelar. Dei lyttar til kvarandre og svarar. Og publikum kjenner seg som ein del av samtalen.

The Po’ Ramblin’ Boys har alltid vore kjende for å drive bluegrassen framover, og no som dei går inn i sitt andre tiår, held dei trykket oppe både på scena og i studio. Neste prosjekt ser Lewandowski for seg som å «gå tilbake til starten og spele inn ei plate som er solid, ekte bluegrass». Og så tek dei henne sjølvsagt rett ut på vegen att, der dei lever det dei syng om og deler det med andre, akkurat slik dei likar det.

«Vi tek bluegrass og set han der bluegrass ikkje er», seier Lewandowski. «Det handlar ikkje om å putte musikk som er annleis inn i bluegrassen for å trekkje fleire folk.»

I 2027 kjem The Po’ Ramblin’ Boys til Norsk Countrytreff for første gong.

Forrige
Forrige

Get Rhythm

Neste
Neste

Embla & The Karidotters