Somme artistar skriv om heimstaden sin. Charles Wesley Godwin skriv frå han. Han er fødd og oppvaksen i West Virginia som son av ein gruvearbeidar og ei lærarinne, og songane hans ber med seg kolstøvet, fjella og dei stille kveldane i Appalachia. Han såg for seg ei framtid i amerikansk fotball, men då den draumen glapp, tok han opp gitaren. Det har både han og publikum hatt glede av sidan.

Debutalbumet Seneca frå 2019 vart raskt eit samlingspunkt for folk som saknar ærleg, jordnær country. How the Mighty Fall (2021) og det store dobbeltalbumet Family Ties (2023), med 17 songar om å vere son, ektemann og far, gjorde han til eit av dei mest respekterte namna i moderne country og americana. EP-en Lonely Mountain Town (2025) viste ei stillare side, med gjester som ERNEST og Scott Avett frå The Avett Brothers.

Så kom det tyngste. I august 2024 mista Godwin og kona Samantha sonen Samuel, som var dødfødd. Av sorga voks Christian Name, som kom på Big Loud Records i juli 2026. Det er eit album om tap, tru og kjærleik som ikkje sluttar, og det er det sterkaste han har laga. Luke Combs og Wyatt Flores bidreg, og i «Hey There Son» syng han rett til guten han aldri fekk sjå vekse opp.

På scena er det ein annan Godwin du møter. Saman med det faste bandet The Allegheny High er han kjend som ein av dei mest intense liveartistane i sjangeren. Han har selt ut Red Rocks som hovudnamn, spelt oppvarming for Eric Church, Luke Combs og Jason Isbell, delt scene med Willie Nelson og Bob Dylan på Outlaw Music Festival, og opptredd hos Stephen Colbert og Jimmy Kimmel. Livealbumet Live From The Steel City vart spelt inn føre 5 550 menneske i Pittsburgh, og det fangar akkurat det: rå energi og songar folk syng med på frå første til siste line.

Norsk publikum fekk oppleve han på John Dee i Oslo i august 2025. Det var ein smakebit. Det er på ei festivalscene ein sommarkveld at musikken hans verkeleg får rom til å puste.

Forrige
Forrige

49 Winchester

Neste
Neste

Dan Tyminski Band