Du har høyrt stemma hans, sjølv om du kanskje ikkje veit det. Det er Dan Tyminski som syng «I Am a Man of Constant Sorrow» når George Clooney mimar til songen i filmen O Brother, Where Art Thou?. Og det er han som syng «Hey Brother», den store hiten til svenske Avicii, som er strøyma over ein milliard gonger. Med to av dei mest kjende songane i nyare tid har ein mann frå Vermont sett bluegrass på verdskartet langt utanfor sjangeren sine vanlege grenser. Og som ikkje det er nok, så gjorde han nyleg eit samarbeid med vår eigen Kygo på låta «Heaven On Your Mind».

Det starta tidleg. Tyminski var seks år då foreldra byrja ta han med på felekonkurransar, bygdedansar og bluegrassfestivalar rundt om i New England. «Å sjå levande musikk talte alltid mykje høgare til meg enn å sitje framfor platespelaren», seier han. «Kvar gong det vart spelt musikk, ville eg vere der. Slik har eg det framleis.»

Den kjærleiken har bore ein karriere på over 30 år. Han spelte i Green Mountain Bluegrass og det banebrytande Lonesome River Band før han i tre tiår var ein berebjelke i Alison Krauss & Union Station. Som soloartist har han gjeve ut alt frå det IBMA-kåra Wheels (2008) til det sjangerbrytande Southern Gothic (2017), hyllinga til Tony Rice med Molly Tuttle, Sam Bush og Billy Strings, og God Fearing Heathen (2023), som gjekk rett til topps på Billboard si bluegrassliste. Konsertalbumet Live From The Ryman frå 2024 vart Grammy-nominert.

Med 14 Grammy-prisar og fire kåringar som årets mannlege vokalist frå International Bluegrass Music Association høyrer Tyminski til dei aller største i moderne bluegrass. Han har skrive songar med Chris Stapleton og Ashley Monroe, og sunge og spelt på plater med Dolly Parton, Willie Nelson, Reba McEntire og Brad Paisley.

Men det er framleis livescena som er heimen hans. Saman med Dan Tyminski Band står han for nokre av dei mest omtalte bluegrasskonsertane i USA. Det er reint, varmt og uslåeleg handverk, frå ein mann som aldri har slutta å vere den guten på festivalen som berre ville høyre musikken på nært hald. No kjem han til Noreg for første gong. Det er ein konsert du ikkje vil gå glipp av.

Forrige
Forrige

Charles Wesley Godwin

Neste
Neste

Erin Kinsey