Få band i moderne country har jobba seg like møysommeleg til toppen som 49 Winchester. Bandet er oppkalla etter gateadressa i Castlewood, Virginia - der vokalist og låtskrivar Isaac Gibson vaks opp. Der starta bandet medan medlemmene enno gjekk på vidaregåande. Det som byrja som tenåringsjamming på ein veranda i Appalachia, er i dag eit seksmannsband med Gibson i front, saman med Bus Shelton på gitar, Chase Chafin på bass, Noah Patrick på pedal steel, Tim Hall på tangentar og Justin Louthian på trommer.
Lyden deira er røff og ærleg: country, sørstatsrock og appalachisk folk, kryssa med ein kjærleik til rock og metal som går lenger tilbake enn kjærleiken til country. Det sjette studioalbumet deira, Change of Plans, kom ut 15. mai 2026 på Lucille Records / MCA, innspelt på berre åtte dagar med Grammy-vinnande produsent Dave Cobb i studioet hans i Savannah. Plata inneheld også ein sterk versjon av Black Sabbaths «Changes», spelt inn som ei hylling til Ozzy Osbourne.
Norsk publikum fekk møte bandet allereie i 2023, då dei spelte oppvarming for Luke Combs i Oslo Spektrum. Det var starten på deira aller første Europa-turné. Sidan har dei kome tilbake som hovudnamn, først på John Dee i 2024 og så på Rockefeller i 2025. I 2026 vart 49 Winchester nominerte til Group of the Year under ACM Awards, og turnerte både som hovudnamn og som oppvarming for Eric Church og Tim McGraw. Rolling Stone har skrive at bandet allereie har meir påverknad på andre artistar enn mange band får på ein heil karriere.
Men det er på scena 49 Winchester verkeleg høyrer heime. Bandet seier det sjølv: vil du vite kven dei er, må du sjå dei live.