Grøftekarane kjem til Breim i juli 2026, og det blir ein kveld som vil gå inn i bygdehistoria. Når denne gjengen entrar scena, kjem dei ikkje som eit vanleg band, men som ei kraftpakke av energi, råskap og humor som slår inn over publikum som ein fjellvind i full galopp. Dei spelar ikkje country – dei tek tak i han, ristar han, kastar han i lufta og tek i mot han att med eit glis, ein felebrøl og ein gitar som gløder.
Lydbiletet deira luktar diesel, nyslått gras, støvete festlokale og historier frå kveldar som gjekk betre enn planlagt, men verre enn fornufta skulle tilseie. Tekstane handlar om livet slik det levast i bygdene: kjærleik som kjem dundrande inn som ein pickup i høg fart, festar som startar uskuldig og sluttar i grøftekanten, og vennskap som er så sterkt at det tåler både motorhavari, to timars felesolo og solid dagen derpå.
På scena speler Grøftekarane som om dei har ein V8-motor gjøymd under golvet og ei direkteline til noko høgare som dunkar i takt med trommene. Publikum blir sugd inn i eit univers der alt kan skje – og som regel gjer det det. Ein konsert med Grøftekarane er ei blanding av dans du ikkje eigentleg kan, men likevel prøvar! Med allsong som får både Breim og nabobygdene til å gynge, og ei smittsam glede som løftar alle som står framfor scena.
Breim kjem til å merke det når Grøftekarane spelar. Det blir ein slik augneblink som folk kjem til å snakke om i mange år: «Var du der då Grøftekarane kom til Breim?» For dei som står fremst, er svaret enkelt – dei kjem til å kjenne det i både smileband, stemmeband og dansesko dagen etter. For dette blir ikkje berre ein konsert. Det blir ei oppleving, eit minne, ein sommarkveld du vil hugse som den gongen alt klaffa og festen aldri ville ta slutt.
Alt dette her kunne vore sant, og noko av det ER nok sant, men det finn du faktisk ikkje ut av før du møter opp på Norsk Countrytreff for å oppleve gjengen!
Og kanskje kjem dei med ein gjest, óg! Vi får sjå.. 🕵️♀️