Bare Fjas og Blågras oppstod i 2012 som eit prosjekt der ein kombinerer barnesongar og bluegrass, og har sidan utvikla seg til eit av landets mest leiken-seriøse band innan sjangeren. Dei har turnert på barneskular over heile Noreg, og etter kvart også kulturhus og festivalar – alltid med same signatur: høg energi, musikalsk leikenheit og eit lune som treff både barn og vaksne.
Med solide musikalske førebilete som Øystein Sunde og Knutsen & Ludvigsen, har Bare Fjas og Blågras skapt sitt eige univers der humor, virtuositet og norsk forteljarglede møtest. Repertoaret består av amerikanske bluegrass- og countryklassikarar som har fått nye norske tekstar, sjølvkomponerte låtar frå bandet sitt eiga absurde og komiske verd, samt tradisjonelle barnesongar og viser i spreke bluegrass-arrangement. Resultatet er konsertar som boblar av energi, musikalsk overskot og smittande speleglede.
Til Norsk Countrytreff kjem dei ikkje berre med sitt eige show – dei vil òg vere backingband for Maren Lein. Maren er ei ung, lovande songarinne med eit varmt uttrykk og sterk formidlingsevne, og samspelet mellom hennar klare stemme og Bare Fjas og Blågras sitt drivande bluegrass-akkompagnement løftar musikken til ei ny høgd. Bandet sine raske tempovekslingar, tette harmonar og karakteristiske humor gir Maren eit kraftfullt og leikent fundament som gjer samarbeidet både naturleg og publikumsvennleg.