Anita & The Amazing Greys er eit band med ei ekte kjærleik til den tradisjonelle countrymusikken. Med røter djupt planta i den klassiske countrytradisjonen byr dei på alt frå stemningsfulle balladar til svingande countryrock, framført med speleglede, erfaring og musikalsk tyngde.
Bandet består av rutinerte musikarar som har vore aktive i norsk musikkliv gjennom fleire tiår. Frontfigur Anita Heggholmen har stått på scena sidan ho var 11 år gammal, og har gjennom åra opparbeidd seg eit solid namn som songar innan country, danseband og konsertverksemd. Ho har også medverka som korist på fleire innspelingar med den folkekjære visesongaren Johannes Kleppevik.
Bak seg har ho eit band med imponerande erfaring frå norsk country-, rocke- og bluesmiljø. Per Halvorsen har gjennom eit langt musikarliv mellom anna samarbeidd med Johannes Kleppevik og Cato Sanden, medan trommeslagar Audun Sekkingstad og pianist Kjetil Lynglund begge har spela i ei rekkje band og prosjekt innan fleire sjangrar.
På gitar finn vi Robert Aase, ein erfaren musikar kjend for sitt elegante og jordnære gitarspel, medan steelgitar-veteranen Egil Skjelnes tilfører det ekte countrypreget. Skjelnes blir rekna som ein av pionerane på steelgitar i Noreg, og har gjennom karrieren spelt med artistar som Bjøro Håland, Teddy Nelson, Lillian Askeland, Lynn Anderson og Freddy Fender. Mange kjenner han også frå scena på Norsk Countrytreff gjennom fleire år.
Bandet har nyleg gitt ut eigne låtar på digitale strøymetenester og held fram med å dyrke den klassiske countrylyden som har inspirert dei heilt sidan starten. Når Anita & The Amazing Greys går på scena, kan publikum vente seg ekte countrymusikk framført av musikarar som kjenner sjangeren frå innsida.
Anita & The Amazing Greys spelar alle våre eldrekonsertar, samt deltek på kyrkjekonserten laurdag.