Karen Moe (21) er ein ung artist frå Verdal med røter djupt planta både i gardsjorda og i countrysjangeren. Oppvaksen på ein gard og i ein musikalsk familie var det aldri tvil om kva retning ho kom til å ta – med ein far, ein bror og ein onkel som alle spelar gitar og har country som sitt musikalske hjartebarn, fekk Karen countrymusikken inn med morsmjølka.
Interessa for musikk og scenekunst starta alt i barnehagen, der song og teater raskt blei ein naturleg del av kvardagen. Gjennom oppveksten blei ho eksponert for både trønderske artistar og band, men det var først i tenåra at countrykjærleiken verkeleg skaut fart. Like før ei reise til USA anbefalte faren henne å sjå nærmare på Dixie Chicks – ei anbefaling som skulle bli skjellsettande. Heile turen fekk lydsporet sitt frå sterke kvinnestemmer og fengande melodiar, og nett då blømstra kjærleiken for «female country music» for alvor.
Karen nemner artistar som The Chicks, Jo Dee Messina, Ella Langley, Tanya Tucker, Dolly Parton og Shania Twain som sine største inspirasjonskjelder. Sidan ho var 14 år gammal har ho stått på små og store scener, og spelt opp til dans i bursdagar, bryllaup, julebord og andre arrangement – alltid med ei stødig stemme og ein tydeleg kjærleik til musikken ho formidlar.
Med si varme formidlingsevne, ektefølte tekstar og solide røter i countrytradisjonen står Karen Moe no klar til å ta steget ut til eit større publikum.