JADE EAGLESON

CAN

MALE ARTIST OF THE YEAR 2023

Ja, og så ENTERTAINER OF THE YEAR 2023. Jade Eagleson har lagt Canada for sine musikalske føter, og no kjem han til Noreg for å vise kvifor!

Hesjestauren Hovudscene fredag 12/7

Biografi

2023 har vist seg å vere eit svært godt år for unge Jade Eagleson, som tok heim både tittelen som “Male Artist Of The Year” og “Entertainer Of The Year” på årets Canadian Country Music Award

Og med sine 29 år har Jade Eagleson verkeleg gjort inntrykk på den internasjonale countrymusikkscena. Med over 300.000.000 globale streams og 115.000.000 visningar på YouTube sidan debuten sin med det sjølvtitulerte albumet sitt i 2020, har han tatt publikum med storm! Albumet inneheld ikkje mindre enn 4 Gull-singlar og 2 Platinum-singlar, i tillegg til å vere kåra til det mest streama debutalbumet av ein internasjonalt signert countryartist gjennom historia! Jade har også landa fire #1-hits på Canadisk countryradio, to CCMA-awards og ytterlegare 3 Gull-selgande og ein Platinum-selgande singel.

Jade har hatt som mål å re-etablere neo-tradisjonell country på toppen av hitlistene, og har jobba hardt for å nå dette målet. I 2017 bestemte Jade seg for å trappe ned arbeidet på familiegården, for å freiste oppnå draumen sin om å bli countryartist. Med debutsingelen “Got Your Name On It” i 2018 blei Jade omtalt som ein YouTube Trending Artist On The Rise, og blei publisert på YouTube sine eigne sider som den første artisten frå Canada nokon sinne som har mottatt denne æra. I dag har musikkvideoen til låta over 85.000.000 visningar, og blei den første debutsingel frå ein Canadisk artist til å nå Platinum.

Dei siste åra har ikkje stått attende for dei første, og Jade sparka i gang 2023 med sin andre JUNO-nominasjon for “Country Album of the Year”, og blei altså kåra til 2023 CCMA Awards Entertainer of the Year og 2023 CCMA Male Artist of the Year under Country Music Week 2023 i Canada. I 2022 endte han opp med pris for Top Selling Canadian Album med plata Honkytonk Revival på 2022 CCMA Awards.

Jade sitt tredje studioalbum, Do It Anyway, er tilgjengeleg over alt no! Jade har flytta med familien sin til Nashville, der han no jobbar knallhardt for å også legge USA for sine føter, og i 2024 har han planar om å også legge Noreg under seg!

Jade er også bidragsytar til eit eige Country-album spesiallaga for born, som har mottatt Grammy-nominasjon!

Sjekk ut meir om Jade Eagleson

JADE EAGLESON

høyr musikken

Forrige
Forrige

ASLEEP AT THE WHEEL

Neste
Neste

HELLBILLIES