HELLBILLIES

NOR

DET GÅR ALDRI TIL HELVETE MED HELLBILLIES

iTromsø - 10.september 2021

Hesjestauren hovudscene laurdag 13/7

Biografi

Hellbillies var ein suksess heilt i frå starten av i 1990, med hitlåtar, godt platesal og mykje folk på konsertane. Kunststykket deira er at dei har makta å halde seg i det øverste sjiktet i norsk musikk gjennom alle desse åra! Dei har levert ei lang rekke hitlåtar, det har blitt 17 gullplater og dei har spelt tusenvis av konsertar over absolutt heile landet.

Anerkjennelsen har kome i mange forskjellige former, alt frå “Hedersprisen Spellemann”, “Årets Spellemann” og “Årets Plate”, prisar frå Noregs Mållag, Norsk Artistforbund, Prøysen-prisen og Medaas-prisen - til strålande anmeldingar av både plater og konsertar.

Hellbillies har blitt heidra og respekterte for evnene til å smelte saman amerikanske og norsk musikktradisjon, men likevel med eit særpreg slik at det aldri er nokon tvil om at det er Hellbillies ein høyrer. Ikkje minst har tekstane til ein av grunnleggarane av bandet, Arne Moslåtten, hatt stor betyding. Med originalitet og høg litterær kvalitet, har dei saman med musikken til Aslag og Lars Haavard Haugen blitt ein viktig del av norsk kulturliv. Dette har gjort dei til eit forbilde for svært mange band innanfor sin sjanger. Dei er difor ikkje berre tradisjonsbærande, men også i høgste grad stilskapande innan norsk musikkliv. Ekstra hyggeleg er det difor for bandet at ein del unge artistar har plukka opp songane deira og hatt suksess med det. Det er inga lita anerkjenning, det heller!

Til tross for all denne suksessen gjennom alle desse åra, held dei fram med å arbeide hardt kvar einaste dag. Den indre driven, behove for å skape og å uttrykke seg er det viktigaste motivet for å halde på. Og kven veit - kanskje det er nettopp dette som er løyndomen bak suksessen over så lang tid?

Sjekk ut meir om Hellbillies

HELLBILLIES

høyr musikken

Forrige
Forrige

JADE EAGLESON

Neste
Neste

THE KODY NORRIS SHOW