ASLEEP AT THE WHEEL

USA

OG LEGENDEN RAY BENSON

Western Swing-legenden sjølv tar turen over dammen på det som blir ein to år lang Asleep At The Wheel farvel-tour

Hesjestauren hovudscene laurdag 13/7

Biografi

Du har legender, og så har du LEGENDER.. Ray Benson er i den siste kategorien, og med snart 54 år som frontmann i legendariske Asleep At The Wheel er det ein VELDIG oppegåande 73-åring som fraktar den lange kroppen sin over Atlanteren for å opptre på Norsk Countrytreff laurdag 13.juli.

Frå 2024 legg AATW ut på ein to år lang turné, og som Ray sjølv seier - der du får oppleve AATW i løpet av desse to åra er truleg siste gangen du får oppleve AATW akkurat der. Bli med og gje Ray Benson og Asleep At The Wheel den honnøren dei fortener etter over 50 år i musikken si teneste!

Asleep At The Wheel såg dagens lys i 1970, og har holdt på stilen og framtoninga, til tross for å ha skifta ut besetninga jamnt og trutt på desse snart 54 åra. Men ein mann har stått last og brast - Ray Benson. Ein mann som kan sjå attende på ei karriere med Willie Nelson, med Johnny Cash, med Dale Watson, med Dolly Parton, med Van Morrison, Doug Sahm, Dixie Chicks - 5 tiår med musikk levert med hjartet utanpå skjorta.

Ei legende. Half a hundred years. Og vel så det…

Sjekk ut meir om Asleep At The Wheel

ASLEEP AT THE WHEEL

høyr musikken

Neste
Neste

JADE EAGLESON