CHRIS KLÄfford

SWE

THE SWEDISH POWERHOUSE

Denne mannen er så mykje meir enn eit America’s Got Talent-fenomen. For dette er eit ekte SWEDISH POWERHOUSE!

Hesjestauren hovudscene laurdag 13/7

Biografi

Chris Kläfford starta for alvor si musikalske karriere gjennom å vinne IDOL i Sverige i 2017, og etter dette reiste han til USA og skapte tv-augneblink etter tv-augneblink “over there”. Han innleia med å synge John Lennon sin “Imagine”, og endte opp med å servere sin eigen musikk til millionar av sjåarar verda over.

Og Chris sin versjon av Imagine er ein av dei mest sette AGT-videoane på YouTube, og når du ser og høyrer sjølv, så forstår du grunnen! Mannen har ei stemme som få andre, og om han gjer sine eigne låtar eller om han drar ein cover av t.d Chris Stapleton, så må du berre setje deg ned og nyte ei stemmeprakt av ei anna verd!

Chris er ein hardtarbeidande musiker frå ei lita bygd som heiter Lindesberg, og saman med bandet sitt tar han turen over til Noreg og Norsk Countrytreff for å blåse deg av banen - både i kyrkja på kyrkjekonserten og også på Hesjestauren hovudscene.

DETTE VIL DU IKKJE GÅ GLIPP AV!

Sjekk ut meir om Chris Kläfford

CHRIS KLAFFORD

høyr musikken

Forrige
Forrige

JONAS FJELD

Neste
Neste

VASSENDGUTANE