JONAS FJELD

NOR

TERJE LILLEGÅRD LARSEN, SA DU?

“Take Two Aspirins And Call Me In The Morning”

Hovedscene Hesjestauren fredag 12/7

Biografi

Artistar kan ikkje pensjonere seg, sjølv når dei passerar 70. Det handlar om å halde fram så lenge det er pust i lungene, så lenge det er kjensler å formidle og så lenge det er publikum der ute som vil lytte. Jonas Fjeld er i den heldige posisjonen at han både har skaparkrafta inntakt, og evnen til å halde fram! Samtidig har han eit stort og trufast publikum som veit å setje pris på ein artist som alltid innfrir - og overraskar!

Jonas Fjeld er ein artist som takka vere si lange karriere er meir allsidig enn mange andre kan drøyme om å bli. Han starta som gjøglande rockar i det elleville bandet Jonas Fjeld Rock ‘n’ Rolf Band, heldt fram med seriøs funk innspelt i USA, laga countryplate i Nashville, backa utallige norske artistar på plate, gjorde comeback som soloartist med country-inspirert viserock, spelte amerikansk folkemusikk saman med Rick Danko frå The Band og Eric Andersen, samarbeida med visekongen Ole Paus og rockepoeten Henning Kvitnes, kasta seg ut i bluegrass saman med Chatham County Line - og nyleg gjekk han til topps med legendariske Judy Collins. Han har også nyleg gjort gjenforeningskonsertar med Jonas Fjeld Band, som var leiande innan norsk rock på 80-talet, med to Spellemannprisar.

Alt dette understreker berre at dette er ein artist som ikkje er redd for å sjå seg attende før han tar nye steg vidare!

Sjekk ut meir om Jonas Fjeld

Jonas Fjeld

høyr musikken

Forrige
Forrige

THE KODY NORRIS SHOW

Neste
Neste

CHRIS KLäFFORD