vassendgutane

Vassendgutane

NOR

PARTYCOUNTRYENS FEDRE

Gutta i Vassendgutane kjem for å gjere torsdagen til ein fest, atter ein gang!

Hovedscene Hesjestauren torsdag 11/7

Biografi

Kva er vel Norsk Countrytreff utan Vassendgutane? Vi har fulgt kvarandre tett sidan både festivalen og bandet sin spede start, og etter å ha vore høvdingane på fredagskvelden har gutta i Vassendgutane vist at også torsdagskvelden er ein rein parademarsj for bandet!

For Vassendgutane er ikkje berre eit band, dei er ein livsstil. Med sin unike kombinasjon av humor, ærlig tekst og sjelfull musikk, har dei jobba seg rett inn i hjarta til country- og musikkelskarar over heile Noreg. Frå basen sin i Åmdalen har dei skapt ei musikalsk reise som har fått følgjarar frå alle aldersgrupper!

Og med røter djupt planta i den norske countrytradisjonen, har Vassendgutane ein eigen evne til å blande humoristiske tekstar på dialekt med vakre melodiar. Musikken deira kan både få deg til å le og til å grine, og det er denne breidda i uttrykket som gjer dei så unike.

Gjennom åra har Vassendgutane levert ei lang rekke hits som har gått rett heim hos publikum. Songar som "Granada", "Hjortejakt" og "Silikon i tatti" har ikkje berre blitt ikoniske i countrymiljøet, men har også vore med på å definere ein heil sjanger.

På Norsk Countrytreff 2024 kan du forvente deg ei oppleving utanom det vanlege når Vassendgutane går på scena. Så grip sjansen til å oppleve denne fantastiske gjengen live, og bli med på ei musikalsk reise du seint vil gløyme!

Sjekk ut meir om Vassendgutane

Vassendgutane

høyr musikken

Forrige
Forrige

CHRIS KLäFFORD

Neste
Neste

ROTLAUS