BAD BROOKS

NOR

LUCKY STRIKE FRÅ BERGEN

Bad Brooks leverer høgoktan countryrock på kav engelsk! Og i 2024 blir det både Brad Paisley-turné og Norsk Countrytreff!

Hesjestauren Hovudscene torsdag 11/7

Biografi

Bad Brooks er eit countryrock-band frå Bergen som leverer eit innhaldsrikt sceneshow med høgt energinivå! I 2022 signerte bandet platekontrakt med det Nashville-baserte plateselskapet Songstar International, og har sidan signeringa gjeve ut ei rekke singlar. Fleire av desse har nådd listetopp på radio i Europa, og den siste singelen “Lucky Days” låg på 1.plass på World Indie Music Chart i over 6 veker! No er det også ute - bandet skal på turné med sjølvaste Brad Paisley i 2024, så at dette blir eit fantastisk år, er det liten tvil om!

Bad Brooks har stått på scener over heile landet, og spelar ei lett blanding av eigenkomponert musikk og kjente slagerar. Bad Brooks kan skilte med fleire populære låtar, som “What Do I Do With Me”, “If We’re Not Careful” der Kinsey Rose og Kevin Post har medvirka, “Daddy’s 45s”, “Lucky Strike” og “Are You Ready”. Den mest spelte singelen til Bad Brooks - “Every Small Town” - har over 120.000 avspelingar - og Bad Brooks har no oppnådd over 22.000 månadlege lyttarar.

På Norsk Countrytreff får du servert Bad Brooks torsdag 11.juli på Hesjestauren Hovudscene!

Sjekk ut meir om Bad Brooks

BAD BROOKS

høyr musikken

Forrige
Forrige

CRASHVILLE

Neste
Neste

HAYDE BLUEGRASS ORCHESTRA