HAYDE BLUEGRASS ORCHESTRA

NOR

WAYFARING STRANGERS

Det mest internasjonale norske bluegrassbandet i heile verda!

Kolbeins Saloon fredag 12/7, Kyrkjekonserten 13/7 og Firslidlada 14/7

Biografi

Hayde Bluegrass Orchestra starta opp etter at vokalist Rebekka Nilsson og Joakim Borgen hadde sett filmen “Broken Circle Breakdown” i 2013. Dei blei så inspirert av musikken i filmen, at dei danna ein fantastisk oktett av talentfulle unge musikarar.

Og kva var vel meir naturleg enn å møtast i ei stove i Oslo nokre veker seinare, spele inn ein versjon av “Wayfaring Stranger” og legge den ut på YouTube, tru? 15.000.000 streams og 50.000 abonnentar seinare, så kan ein vel berre seie at det var eit genitrekk!

Bandet har gjeve ut to plater, og begge har resultert i nominasjonar - både Spellemann i klassen Country i 2021 og IBMA Momentum Awards som “Band of the Year” i 2022 og 2023. I 2022 var Rebekka Nilsson også nominert til IBMA Momentum Awards - Vocalist of the Year, ein nominasjon ho også vant.

Platene til Hayde Bluegrass Orchestra har plassert seg høgt på Billboard Bluegrass Album Charts, der Migrants kom opp på ein 4.plass og The Broken Circle Sessions kom på ein 9.plass.

Det er med andre ord høg kvalitet på bandet som kjem til Breim i 2024 - og du får endåtil oppleve dei på kyrkjekonserten i Breim kyrkje.

Gåsehudfaktor = 1000

Sjekk ut meir om Hayde Bluegrass Orchestra

HAYDE BLUEGRASS ORCHESTRA

høyr musikken

Forrige
Forrige

BAD BROOKS

Neste
Neste

SIGNE MARIE RUSTAD