CRASHVILLE

NOR

“PØBELGUTTA” UNITED

Crashville samlar pøblane på Breim - igjen!

Hesjestauren hovudscene laurdag 13/7

Biografi

Dei 5 staute karane frå Ørsta returnerer til Norsk Countrytreff for å ri inn i solnedgangen i lag med resten av publikum på Hesjestauren på laurdag kveld, og dette kan bli ei avslutning med smell i!

Bandet er aktive som aldri før, og spelar kvar helg frå nord til sør i vårt langstrakte land. Turnebussen rullar og går, dei produserer nye låtar og streamingtala stig i takt med auka popularitet! Bandet frå Ørsta syng om livet på bygda, traktorar og gamle feite rånebilar, og med låtar som “Pøbel”, “30-06”, “Bygdas rebell” og “Fredag, mekk og øl” feiar dei over landet med allsang og bygdefest-stemning!

Med musikkvideo til “Pøbel” spelt inn på taket på den legendariske Esso-stasjonen i Ørsta, rånarane på 80 og 90-talet sin andre heim, var gjennombruddet for bandet eit faktum. Rånarane trykte låta til hjarta sine, og den første store hit’en for Crashville var eit faktum.

Du får dei sprell levande på Hesjestauren houvdscene laurdag kveld.

Det blir legendarisk!

Sjekk ut meir om Crashville

CRASHVILLE

høyr musikken

Forrige
Forrige

ROTLAUS

Neste
Neste

BAD BROOKS