32.000 konsertbesøkande
Foto: Sigve Brochmann
"The only way to do great work is to love what you do", sa Steve Jobs. Og han kunne like gjerne sagt det om alle dei frivillige, alle musikarane, alle i hovudkomitéen og alle andre som har gjort ein VANVITTIG innsats for at Norsk Countrytreff 2025 skulle bli den suksessen denne jubileumsfestivalen blei.
Vi har feira, mata og underhalde kvarandre saman i fem dagar no, og det offisielle besøkstalet er trettitotusen konsertbesøkande over fem dagar.
32.000 konsertbesøkande over 5 dagar!
VI ER HIMMELFALNE.
Takk til kvar og ein av dykk; publikum, artistar, lydfolk, lysfolk og frivillige. De gjer dette mogleg!