Norsk Countrytalent 2025

Utlaav - Vinnar Norsk Countrytalent 2025

Foto: Sigve Brochmann

Vinnar av Norsk Countrytalent 2025 blei Utlaav - i sterk konkurranse frå We Met In June og LEO.

Som relativt nyoppstarta band, har dei alle drive med musikk gjennom heile oppveksten. Dei er aktive i fleire band og prosjekt, og fann kvarandre i Oslo hausten 2024.

Dei kallar seg countryband, men finn også inspirasjon frå sjangrar som folk, indie og americana. Dette gjer kvintetten til ein spennande og sjangerbrei gjeng, som tek for seg tema som spenner frå udiagnostisert narkolepsi til bitter hjartesorg.

Draumen er å skape og vise fram musikk dei er glade i, og å vise fram countryen som ein brei sjanger som alle kan få glede av - uansett alder og bakgrunn.

No kallar livet på landevegen!

Norsk Countrytreff og Warner Music Norway gratulerer Utlaav som verdige vinnarar av Norsk Countrytalent 2025!

Forrige
Forrige

32.000 konsertbesøkande

Neste
Neste

Vil du jobbe som frivillig?