Gåvedryss over Norsk Countrytreff
Helene Gåsemyr frå Sparebank1 Sogn og Fjordane, styreleiar i Stiftinga Norsk Countrytreff Nils R. Sandal og dagleg leiar Vegar Sårheim med gåvesjekkane.
Norsk Countrytreff er tildelt totalt 800.000 kroner i gåvemidlar frå
Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Laurdag kveld inviterte Norsk Countrytreff heile det store dugnadskorpset til gratis frivilligfest i Breimshallen.
Under festen deltok også Helene Gåsemyr frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane, som overrekte gåvemidlar på totalt 800 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og banken.
Av dette går 200 000 kroner frå sparebankstiftinga til nødvendige investeringar på festivalområdet, medan 600 000 kroner frå banken er øyremerkt utvikling av Norsk Countrytreff sitt tilbod til born og unge dei neste tre åra.
– Norsk Countrytreff er eit svært godt døme på korleis frivillig engasjement, lokalt samarbeid og profesjonell gjennomføring skaper store verdiar for både lokalsamfunnet og regionen. Vi ønskjer å bidra til at festivalen kan utvikle seg vidare, særleg med tanke på barn og unge, sa Gåsemyr i samband med utdelinga.
Dagleg leiar Vegar Sårheim og styreleiar i Stiftinga Norsk Countrytreff Nils R. Sandal tok imot gåvesjekkane på vegner av festivalen.
– Like viktig som dei frivillige vi feirar her i kveld, er støtta frå samarbeidspartnarar som Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Slike bidrag gjer det mogleg for oss å vidareutvikle festivalen, styrke tilbodet til barn og unge og sikre at Norsk Countrytreff står sterkt også i åra som kjem, seier Sårheim.