Etter nokre år som trubadur på små og store scener over heile landet er Jon Kolden endeleg tilbake med eit heilt nytt band i ryggen. Med ekte speleglede, rå energi og eit hjarte som bankar for countrymusikken er målet klart: å bringe ekte country til publikum over heile Noreg.

Røynslene frå trubadurlivet har gitt Jon både nærkontakt med publikum og inspirasjon som låtskrivar. Resultatet er ein rik katalog av nye songar – historier frå vegen, livet, kjærleiken og sakn – pakka inn i den klassiske countrydrakta han er kjend for. Saman med bandet Last Call arbeider han med låtar som skal prege neste kapittel. Ambisjonen er tydeleg: å stå på scenene som betyr mest for countrypublikummet i Noreg, og skape augneblink folk vil hugse lenge.

Bandnamnet Last Call vart valt fordi det speglar mykje av det countrymusikken handlar om. I barane og honky tonk-scenene i USA er «last call» bartendaren sitt siste oppmod før stengetid – eit augneblink fullt av både glede og vemod, kor folk tek ein siste drink, finn ein siste dans, eller tenkjer på det dei mista. Den stemninga lever sterkt i mange av Jons låtar. Samtidig peikar namnet framover: Dette er «siste ropet» – starten på ei ny epoke, med fullt band, ny energi og blikket retta mot framtida.

Publikum kan sjå fram til både splitter nye låtar og klassikarar tolka på Jon Kolden-vis. Med solide musikarar i ryggen og sterke tekstar i front er ambisjonen krystallklar: å gje publikum ei ekte countryoppleving – akkurat slik fansen elskar det.

Forrige
Forrige

Open String Department