WOODLAND er eit nyetablert countryband med base i dei djupe skogane i Sør-Trysil. Bandet består av seks medlemmer frå ulike delar av Innlandet, der fleire er veletablerte musikarar med lang fartstid i ulike ensemble og sjangrar. På kort tid har dei markert seg som eit sterkt namn i norsk country.
Det blir jobba iherdig med eige materiale, i tillegg til både gamle og nye, velkjende tonar frå landet «over dammen». Det osar av spelglede når denne gjengen samlar seg. Det kjem tydeleg fram når desse karane står på scena og tek dykk med på ei rundreise gjennom alt frå Nashville-twang og Tex-mex til sump-livet i Louisiana.
Klassisk country, Tex-mex, cajun og countryrock blir presentert med fleirstemt vokal, akustiske gitarar, banjo, leadgitar, dobro, bass, toradar og fløyte.
Sommaren 2026 reiser bandet på turné saman med Joni & Olivia Harms frå USA.