Lenge før ein snakka om ei bølgje av ny norsk americana, før Beyoncé gjorde country hippt, og lenge før «nordicana» blei eit omgrep, fanst Lucky Lips. Dei trakka støvlane sine rundt i Oslo og spelte overalt der folk ville ha dei. Dei spela på countryfestivalar og på bluegrass-jams. Dei kom til finalen i Melodi Grand Prix, vann europameisterskapet i bluegrass og spela på Americanafest i Nashville. Dei køyrde på, gjorde si eiga greie og gav seg aldri – sjølv då country var noko av det minst trendy ein kunne drive med.
Lucky Lips var bandet der Malin Pettersen sparka i gang den musikalske karrieren sin – hennar musikalske familie. No er familien samla igjen og klar med si første utgiving sidan 2016.
Fronta av Pettersen – som ikkje treng nokon vidare introduksjon – har Lucky Lips vore ei konstant kraft på Oslos countryscene dei siste 15+ åra. Dei starta som eit reinspikka bluegrassband, men inkorporerte raskt element frå nærliggande sjangrar: old-time, honky tonk, outlaw country og americana. Musikken til bandet er kjenneteikna av Pettersen si ustoppelige stemme, eit fjellstøtt og groovy komp, leiken banjo og virtuos gitarspeling.
I dag består bandet av Malin Pettersen, Erlend Skullestad Hølland, Even Reinsfelt Krogh, Pål Emil Storm-Berg og Stian Jørgen Sveen (SJ Sveen). I tillegg til innsatsen i Lucky Lips har gjengen spelt og turnert med band og artistar som Amund Maarud, JP Harris, Robert Moses & the Harmony Crusaders, A-11, Katzenjammer, Robert Ellis, Brennen Leigh, Ila Auto, Winding Road, Fat Fred & the Possumhunters, Sweetheart, Lady Friend og mange fleire.
Lucky Lips debuterte alt i 2010 og var heilt sentrale i å sparke i gang «nordicana-bølga» som har skylt over landet det siste tiåret.