Etter femten år med studioalbum, radiosinglar, haugevis av TV-opptredenar, kritikarros og folkefest frå nord til sør, står STAUT stødigare enn nokon gong – med blikket retta framover. Med ny musikk på veg og ein konsertsommar som raskt fyllest opp, går STAUT inn i jubileumsåret med meir trøkk, speleglede og driv enn nokon gong.
– Vi kjenner framleis på det same suget etter å spele. Det handlar ikkje om å feire fortida, men om å skape noko nytt. Det er derfor vi held fram – fordi vi heile tida har meir å seie, seier vokalist Gaute Lein.
Sjølv om det enno ikkje er sett dato for neste singelslepp, er arbeidet med ny musikk godt i gang. STAUT vil bruke store delar av våren i studio, og det kommande materialet ber preg av både kreativt overskot og tydeleg retning. – Det kjennest som om vi treff ei ny nerve no. Det er STAUT, men med nye fargar. Vi gler oss til å vise det fram, seier låtskrivar Ørnulf Juvkam Dyve.
Albumet Lett å vara kødd, som kom hausten 2023, vart møtt med både strålande kritikkar og stort engasjement frå publikum. Samarbeid med profilerte artistar som Marion Ravn, Geir Sundstøl og Sølvgutane sette tonen for det bandet sjølv omtalar som ein av dei mest kreative periodane dei har hatt.
Gjennom sine 15 år har STAUT stadfesta posisjonen sin som eit av landets mest hardtarbeidande og ettertrakta liveband. Med ein full konsertsommar framfor seg – og stadig nye datoar som blir stadfesta – legg bandet ut på turné som tek dei til både festivalar, klubbscener og spesialarrangement over heile landet.
– Det er live vi kjenner at det verkeleg skjer. Publikum, augneblinken, nerven. Vi trivst best når vi står på scena – det er der vi høyrer heime, seier bandet.