Gjer deg klar for ein heilt spesiell kveld når legenda Olav Stedje, ein av dei mest markante stemmene i norsk musikkhistorie, inntar scena under årets countryfestival!

Med si varme nynorskstemme og ein stil inspirert av amerikansk softrock og country, har Stedje treft hjarter over heile landet sidan gjennombrotet på 80-talet. Gjennom ei imponerande karriere har han gitt oss evige klassikarar som Vi vandrar saman, Pusekatt, Ta meg medSommarminne og Silje, og mange mange fleire.

Olav kjem til Norsk Countrytreff med eit fantastisk band som gjev låtane hans akkurat den country- viben dei fortener. Og som leiar for rytmeseksjonen finn me multikunstnaren, trommisen og humoristen Finn Tokvam. 

Meir om OLAV STEDJE

Forrige
Forrige

Jay Smith

Neste
Neste

TBA