Den svenske songaren og låtskrivaren Jay Smith tek turen til Breim sommaren 2026. Med si særprega stemme, sterke låtar og råe tilnærming til country og rock, har han etablert seg som ein av Nordens mest karismatiske liveartistar. No står han klar til å trollbinde publikum på Norsk Countrytreff.
Jay Smith fekk sitt store gjennombrot då han vann Swedish Idol i 2010, men karrieren hans har sidan den gong gått langt utover TV-formatet. Han har markert seg som ein artist med tyngde, truverd og lidenskap – ein musikar som skriv låtar frå hjartet og framfører dei med nerve og kraft.
Gjennom fleire album og hundrevis av konsertar har han vist at han er mykje meir enn ein TV-profil – han er ein artist som lever og pustar for musikken.
Musikken til Jay Smith er eit møte mellom country, americana og rock – der ærlighet og attityde går hand i hand.
Han skriv om livets kontrastar: kjærleik, tap, lengsel og håp.
Med si raspete røyst og sin intense sceneutstråling leverer han alltid konsertar som set spor.
Låtar som “King of Man”, “Ten Feet Tall” og “Keep Your Hands Off My Girl” har gjort han til ein publikumsfavoritt både i Sverige og Noreg.
Når Jay Smith går på scena under Norsk Countrytreff 2026, kan publikum vente seg ein konsert full av energi, nærvær og ekte musikkglede!
Dette er artisten som aldri held noko tilbake – og som gjer kvar opptreden til noko heilt spesielt.