Med røter som strekkjer seg frå Romsdalen via Frankrike til Appalachane, har Nora Legrand etablert seg som ei av dei mest spennande stemmene i norsk country. Ho vart Spellemann-nominert for debutalbumet Paper Sky, kåra til Årets Gjennombrudd av Norsk Americanaforum, og har trollbunde publikum både gjennom eigne utgjevingar og deltakinga i The Voice 2025.
Singelen Wherever She’s Running vart ein ekte radiohit med heile 24 veker på P1 si A-liste, og den sjelfulle røysta hennar og sterke låtskrivinga blir stadig løfta fram av både presse og publikum. Inspirert av artistar som Brandi Carlile, Sierra Ferrell og Alison Krauss, rører Nora seg leikent mellom singer/songwriter, folkballadar og americana – alltid med ein heilt særeigen nerve.
På scena leverer ho ekte historier, rå kjensler og ei formidling som treff rett i hjartet. Med fullt band på Breim blir det både energi, sårbarheit og dans – alt som gjer Nora Legrand til ein liveartist det er umogleg å gløyme.