Anne Fagermo har lenge vore eit namn å merke seg – no er det på tide at alle lyttar.

Artisten frå Midt-Telemark stod klar til å innta den norske musikkscenen med fullt trøkk då ho kom med det etterlengta debutalbumet «Spillet er i gang» 3. oktober, og dette markerte starten på noko heilt spesielt innan norsk americana og countryrock.

Med seg har ho Akerhaugen Band – saman leverer dei ei rå musikalsk pakke henta rett frå hjartet av Telemark. Her snakkar vi ikkje berre musikk – dette er ei oppleving!

Anne Fagermo har alt gjort seg bemerka som ein vokalist i særklasse. I tillegg til stemma er det låtskrivinga hennar som verkeleg skin – med ærlege tekstar og sterke melodiar.

Spillet er i gang er eit album som osar av kvalitet og kjærleik til sjangeren – dette prosjektet er i ferd med å bli ei av dei store musikalske overraskingane i år.

Følg med – og ikkje gå glipp av sjansen til å oppleve Anne Fagermo & Akerhaugen Band live. Det kjem til å blåse deg av banen.

Meir om Anne Fagermo

Forrige
Forrige

Rose's Pawn Shop

Neste
Neste

Joni Harms