THE BOOTS BAND

NOR

COUNTRY FRÅ EIN BLÅ BY

The Boots Band starta å spele countryrock i bluesbyen Notodden, og no kjem dei til Breim med Kinsey Rose

Kolbeins Saloon fredag 12/7

Biografi

The Boots Band starta opp som The Boots tilbake i 2003, og hadde allereie debutalbumet sitt klart då dei blei oppsøkt i studioet og spurt om dei ville gjere ei anna plate. Med ein halv million i satsing, reklame på TV3 og med hjelp av ei rekke profesjonelle artistar skulle The Boots Band ta verda med storm.

21 år seinare er det ein erfaren og godt samspelt gjeng som mønstrar scena i Kolbeins Saloon, og med seg i bagasjen har dei kjente hits som “Cadillac Drive” og “All Again”, som begge var lenge på Norsktoppen. I tillegg har linedancelåta “Sugar & Pie” tatt dei utanfor landegrensene, med jobbar både i Sverige, Danmark, Frankrike og England.

I 2023 inngjekk gutta eit samarbeid med den amerikanske artisten Kinsey Rose, og saman med Kinsey kjem dei til Breim for å gje deg ei fantastisk oppleving!

Sjekk ut meir om The Boots Band

TBA

høyr musikken

Forrige
Forrige

KINSEY ROSE

Neste
Neste

CAITLIN PALM