KINSEY ROSE

USA

THE HONKY TONK TREASURE

Kinsey Rose tar turen over for å opptre med The Boots Band.

Kolbeins Saloon fredag 12/7

Biografi

Kinsey Rose er ein countryartist frå Louisville, Kentucky - busett i Nashville. Kinsey har dei siste 10 åra skapt seg ei solid fanskare etter fleire plater og utstrakt turnering i Europa og USA. TV-publikum rundt om i verda fekk også opp auga for Kinsey etter at ho gjorde stor suksess på den amerikanske utgåva av The Voice i 2021.

For tida har ho faste oppdrag på mange av Nashville sine mest ikoniske spelestadar og Honky Tonks, som mellom anna Legends Corner på Broadway. Nyleg slapp Kinsey singelen “Speed of a Broken Heart”, samt albumet “Honky Tonk Treasures”.

Kinsey si musikalske reise ttarta tidleg. Ho skreiv sine første låtar allereie som åtte-niåring, og som sekstenåring oppdaga ho countrymusikken. Her fann ho favorittane sine i artistar som Patsy Cline og Loretta Lynn. Desse musikalske møta skapte ein vilje og ein draum om ei eiga musikalsk karriere innanfor countrysjangeren, og som 18-åring stara ho å besøke Nashville tidt og ofte. Her samarbeida ho med andre singer/songwriters medan ho flittig bygde opp sin eigen katalog med eigne låtar.

Samarbeidet mellom Kinsey Rose og The Boots Band materialiserte seg for første gang sommaren 2023, der dei besøkte fleire festivalar. Kinsey Rose & The Boots Band gledar seg til sommaren 2024, og det å få lov til å besøke Norsk Countrytreff på Breim!

Sjekk ut meir om Kinsey Rose

KINSEY ROSE

høyr musikken

Forrige
Forrige

HARALD THUNE

Neste
Neste

THE BOOTS BAND